Norsk: Kjønn av jord, ting

Discussion in 'Nordic Languages' started by perevoditel, Dec 15, 2012.

  1. perevoditel Junior Member

    Heisann!

    Eg har merka at det finst nokre forskjellar mellom kjønn av nokre ord i eigennamn og i talespråk. For eksempel: vi seier "ein ting", men det ordet bøyes i fleirtal som eit inkjekjønnsord, og vi snakker ikkje om fylkestinga, men fylkestinget. Det er liknande med jord: i ordboka står det "ei jord", men i nabolaget vårt er det "Prestegårdsjordet". Kva kjem dei forskjellane av, og kanskje finst det fleire sånne ord?
     
  2. myšlenka Senior Member

    Norwegian
    Hei,
    dei to døma du nemner, er ikkje skilnader mellom eigennamn og talespråk. Det er rett og slett snakk om forskjellige ord. Både "ein ting" og "eit ting" kjem riktignok frå norrøn þing (som var inkjekjønn), men for dei fleste nordmenn vil eg tru at dei refererer til ganske så ulike ting :)
    Vi seier "ein ting" når vi snakkar om objekt medan "eit ting" refererer til ei forsamling av politisk og/eller juridisk slag. Sidan desse to har same opphav så det er kanskje derfor ordet ikkje får ending i ubestemt form fleirtal også i hankjønn. Det er forresten ingenting i vegen med "fylkestinga" (bestemt form fleirtal) :)

    Vi seier "ei jord" når vi snakker om planeten vi bor på til dømes eller den kalde brunsvarte massen potetane våre veks i, medan "eit jorde" er eit avgrensa areal med dyrka mark. I dette dømet er det ikkje same rotordet.

    Eg kan komme på eit døme til:
    "eit ark" som i eit stykke papir.
    "ein ark" som i den bibelske historia om Noahs ark.
     
  3. perevoditel Junior Member

    OK, no skjønner eg. Tusen takk for forklaringa :)
     

Share This Page